2 Kyrkjelydsblad For Fjaler Å Gud, Vårt Lands, Vårt .

2y ago
28 Views
3 Downloads
1.11 MB
16 Pages
Last View : 2d ago
Last Download : 3m ago
Upload by : Mariam Herr
Transcription

2Kyrkjelydsblad for FjalerÅ Gud, vårt lands,vårt heimlands GudEg treffer mange menneske i forskjellege situasjonarog eg blir ofte spurt om kvar eg kjem ifrå. Når eg harsagt eg kjem frå Island, då tek samtalane veldig ofteretning mot våre nasjonar, slektskap og Ingolf Arnarsson, som segla ut frå Rivedal. Eg er ganske overraskaover å høyre kormange i kyrkjelydenvår har relasjonartil Island. Mangesom har slekt dereller har vore der ikortare eller lengreperiodar, i arbeideller på ferie. Menno etter sommaren,har noko endraseg. Samtalanehar endra seg. No er det ikkje Eyjafjallajökull, Bjørk,Sigurros, finanskrisa eller Ingolfur Arnarsson som førstkjem på tunga. Nei, det er Fotball! EM i fotball. Det ersom om dei aller fleste eg snakkar med, såg kampanepå tv, eller i all fall følgde med på resultatet. Ja, det serut som om veldig, veldig mange i Norge er interessertei fotball. Eg har aldri vore interessert i fotball og har litesans for den. Men denne gong må eg vedkjenne at egòg kasta meg med i denne fotballbølga. Eg prøvde sågodt eg kunne å følgje med det islandske landslaget,men ofte blei det no slik eg fann på noko anna. Såkjem tida eg ikkje vil gå glipp av. Det er Fotballstadionnår det er fylt med tusen på tusen og den islandskenasjonalsongen lyder. Da kan det skje at tårene trillar og eg syng av heila mit hjerte, i stova mi saman medtitusenvis av islendingar.Gud, vårt lands, vårt heimlands Gud,me lovar ditt heilage, heilage namnSjå, himmel-herskarar deg knyter ein kransav soler og legg i din famn.Fyre deg er ein dag liksom tusund år,årtusund som dagetal er,ein æveleg småblom med titrande tår'som bed til sin Herre og fer.:/: Islands tusund år, :/:ein æveleg småblom med titrande tår'som bed til sin Herre og fer.(Norsk oversetning av Hans Hylen)Den islandske nasjonalsongen vart til året 1874, påein festdag. Det var ein minnefest for Ingolf Arnarsonsom først hadde busett seg på Island for tusen år sida.Ja, slik har kyrkjelyden i Fjaler verka på den. Preiketekstden søndagen, var frå Salmane. Salme nr. 90, vers.1-4 og (12-17). Denne bibelske teksten, ei bøn avgudsmannen Moses, var prest Matthías Jochumsson siinspirasjon, då han skreiv den.Herre, du har vore ein bustad for ossi slekt etter slekt.Før fjella vart fødde,før jorda og verda vart til,frå æve til æve er du, Gud.Du lèt mennesket bli til støv attog seier: «Menneskeborn, vend attende!»For tusen år er i dine augesom dagen i går då han fór framom,eller som ei nattevakt.Den Islandske nasjonalsongen vart ein hit. Den er eitsymbol for ein nasjon, historia og dei norske røtene.Den er symbol for Island også i tider med religiøstmangfald. Det kjennest som det spelar lita rolle omteksten referer til Gud og religion, fordi den handlar ommenneskeverd og velsigning.Ja, eg syng med i stua mi, av heile mi sjel, ikkje berrefor stoltheit av mitt land og nasjon, men og fordi deter ein lovsong til livet og Gud. Det er ikkje ein militantmarsj, slik som mange andre nasjonalsongar, nei det erlovsong. Det er ein takkesong med audmykt og venleik,kvart menneske står i forundring framfor Guds skapning,himmel og jord, hav og land, tid og evigheit.Det har vore heilt utruleg å sjå og oppleve korleissongen symboliserer stoltheit og samhald. Ein song somfår deg til å kjenne på noko så stort: At du høyrer til eigruppe, eit lag. Ufred og ueinigheit er lagt til side. Deter utruleg sterkt å oppleve song som har kraft til å løftedraumar, kjensler og voner.Vi er oppfordra ved Guds ord til å aldri gi opp læreav fortida, la ikkje nederlag og skuffelse få tak på oss,men kjempe vidare for det vi trur på. Det er utruleg kvasom kan skje når folk våger og trur. Ja, sjølv om fotballkan vere gøy, må vi ikkje gløyma det laget som vi eralle oppfordra til å spele med på . Det er eit garantertvinnarlag. Det er Jesu Kristus sitt lag. Det er han somvi skal følgje, - heie på - i lovsong, med audmykt ogtakksemd.Lilja Kristin Thorsteinsdottir

Kyrkjelydsblad for Fjaler3På kyrkjebakkenHJARTELEG TAKK!Takk for kr 1 300 i minnegåvetil barne- og ungdomsarbeidet i Fjaler ved gravferda tilSolveig Kleppe i Hellevik kapell14.7.2016.Takk for kr 7 250 i minnegåve tilGuddal kyrkje ved gravferda tilOddbjørg Hovlandsdal i Guddalkyrkje 21.7.2016.Ei samling for dei som er«godt vaksen»Det har blitt ein god tradisjon atCantus og pensjonistlaget deltekpå ei gudsteneste i oktober dervi markerer FN sin eldredag.Cantus har eit godt repertoar avdei gode, gamle salmane somIngen er så trygg på ferda, Nosoli bakom blåe fjell og Syng istille morgonstunder som alle kanha glede av å syngja, samt finkorsong for dykk å høyra. Medkyrkjekaffi-kos blir dette ein kjekksamankomst for pensjonistar ogandre generasjonar i kyrkja. Velmøtt!Syng-med-oss i Hellevik!Syng-med-oss-kvelden i haust bliri Hellevik kapell. Då kan folki ytre Fjaler samlast til allsong,kveldsbøn og kveldsmat. Vel møttsøndag 30. oktober kl.19.00.HelgemesseDenne søndagen vil vi minnastdei som vi har mista og alle somer døde i kyrkjelyden vår.Helgemessesøndagen er pregaav sorg og sakn for mange. Åmiste nokon av sine er ofte van-skeleg og smertefullt, men då erdet også godt å kunne kome tilHan som er livet sin Herre, Jesus,for å samle nye krefter. Dennedagen vil vi peike på håpetvi har i Jesus. Slik trur vi at vikan hente nye krefter til å komevidare i liva våre, ikkje åleine,men saman med Jesus som vannover døden og tok livet tilbake.Velkomen til å vere saman medoss i kyrkja.Helgemessesøndagen 6.november blir det gudstenester i Dalekyrkje kl.11.00 og i Guddalkyrkje kl.14.00.Vi minnest våre døde i Folkestadkapell, søndagen 13.novemberkl.11.00.Hellevik eller Folkestad– vi kan gå begge stadarFordeling av arrangement i YtreFjaler har stått fast i fleire år.No prøver vi med litt endring.Soknerådet har sett på saka, ogvedtaket lyder slik:Kyrkja i Fjaler er på Facebook:www.facebook.com/FjalerKyrkjaHer finn du oppdatert informasjonom gudstenester, konsertar, osv.Vi har også heimeside:www.fjaler.kyrkja.no. dette bytt om slik at lysmessaog julekonserten vert annakvart år i Hellevik- og Folkestad bedehuskapell.Hausttakkefesten med utdeling av Mi kyrkjebok 6 blirfast i Hellevik bedehuskapell.Gudstenesta med utdelingav Mi kyrkjebok 4 vert fast iFolkestad bedehuskapell.Gudstenesta med konfirmantinnskriving blir fast i Hellevikbedehuskapell.Gudstenesta konfirmantpresentasjon blir fast i Folkestadbedehuskapell.Syng-med-oss gudstenestaførste halvår blir fast i Folkestad bedehuskapell.Syng-med-oss gudstenestaandre halvår blir fast i Hellevik bedehuskapell. I 2016 vert lysmessa i Folkestad bedehuskapell ogjulekonserten i Hellevik bedehuskapell. For seinare år vertInnhogging av nye namn ogoppfrisking av skrifta på gravminne.Kyrkjeverja formidlar kontakt med einsom kjem vår og haust og gjer sliktarbeid.Ta gjerne kontakt!

4Kyrkjelydsblad for FjalerVaktskifte i 2016 – GravplassgrMartin Ole Hammerseth, Rune Alværvik, og Reidar Langeland tek opp grav på Folkestad.Reidar Langeland har gått av «vakt»etter trufast teneste i 20 år somgravplassgravar på alle dei firegravplassane i Fjaler. Rune Alværvik, i Alværvik containerservice AS,har gått på «vakt». Med seg harhan Gaularværingen Martin OleHammerseth. Rune er busett i Daleog har drifta gravemaskinar i over20 år.Det såg ei stund mørkt ut medomsyn til å få nokon til å ta på seggravplassgravinga. Vi er takksamefor at Rune Alværvik tok det påseg, og vi er godt nøgde medarbeidet til dei to.I løpet av desse 20 åra, frå mai1996, har Reidar Langeland tekeopp og gravd på 720 kistegraverog 33 urnegraver. I tillegg kjemogså graver berre i Guddal gjennom seks år fram til 1996. Åretmed flest graver var i år 2000,då det var 48 kistegraver. I januar2009 var eg bekymra for at vihadde «sprengt» gravaren. Då vardet i perioden 8.-21. januar heile8 gravferder. Då gjekk det i eitt,og det midtvinters med ein god delsnø. Dette var den hardaste øktagjennom desse 20 åra. For Reidarhar ingenting vore problem, berreutfordring, utfordring som alltid erblitt løyst på ein god måte.Vi takkar Reidar for godt utførtarbeid med gravplassgravinggjennom desse 20 åra, og ønskjerRune og Martin fortsatt lukke til!if

Kyrkjelydsblad for Fjaler5ravinga i FjalerGravar Reidar Langeland takkar for segEtter 20 år som gravar på allekyrkjegardane i Fjaler, over 26 åri Guddal, og i tillegg oppnåddaldersgrense, fann eg det rett åtakke av som gravar, for heller åvere med på å drive og vidareutvikle geitebruket heime saman medsonen Morten og mi ektefelle i over41 år, Liv Svanhild. Reknar med åha teke opp mellom 700 og 800graver desse åra.Telefonen heime, eller mobilen nåreg kom i dekning, har alltid voreopen for kontakt og meldingar 365dagar i året. Fekk såleis meldingunder middagen i bryllaupet tileine son min at no var det eitt nyttdødsfall, denne gong på Folkestad.Stort sett har eg teke opp graveneåleine, men har fått stundom hjelpav familien eller andre ein harleigd inn i travle stunder. I dei sisteåra har eg brukt å ha med andreoftare. Jostein Løseth har vore godå ha i sjukdomsavbrot og spesiellehøve. Har aldri hatt meir enn eiveke samanhengande ferie for året.I Dale har det berre vore gjenbrukav graver, i Hellevik berre nye. IGuddal og Folkestad har det vorebegge deler. Beste plassen å gravehar heile tida vore Hellevik.Det har vore mykje køyring ogtransport av utstyr. For ei gravpå Folkestad køyrde eg 26 mil.Dersom det var tining vart det 13mil til.Mengda med dødsfall har i alle årvore varierande, frå ingen i fleiremånadar til 3 i veka, så då vert detein kabal som måtte gå opp. Harein gong tenkt feil på tidspunktetfor gravferda. Då var det gamlegravaren, Sverre Løseth som bergameg med å gjere senkeapparatetklart. Ein gong kolliderte eg på vegArkivfoto: «Gamlegravarane» Reidar Langeland og Sverre Løseth i 1996, då Reidar tokover frå Sverre.til gravferd. Då var det kyrkjetenarJostein Løseth som var redninga.Elles har eg vel stort sett voreheldig.Gravearbeidet har vore i tilleggtil gardsdrifta heime, saman medkona. Eg har alltid teke opp gravadagen før gravferda. Då kunneeg velje kva tid på dag eg tokden opp, men måtte møte opp førgravferda tok til neste dag. Konahar vore den som har gjort til at egfekk kabalen til å gå opp. Eg harikkje angra på at eg tok på megdenne oppgåva i 1989 i Guddal,og i 1996 i heile Fjaler.Reidar

6Kyrkjelydsblad for FjalerKyrkjetenar og kyrkjegardsarbeidar i Guddalledig stilling / stillingarVåre to trufaste medarbeidarar i Guddal, Liv Svanhildog Reidar Langeland, hadde ønskt å slutte somkyrkjetenarar og kyrkjegardsarbeidarar ved sisteårsskifte. Dessverre har det ikkje lukkast oss å finnenokon til å ta over arbeidet deira, og vil oppmode degtil å melde deg.Kyrkjetenar ved Guddal kyrkje: 10 % stilling.Kyrkjegardsarbeidar ved Guddal kyrkjegard:15 % stilling.Stillingane kan med fordel kombinerast.Kyrkjetenar ved Guddal kyrkjeAllsidig arbeid. Ansvar for reinhald og tilrettelegging avkyrkja til kyrkjelege handlingar. Oppfølging av HMT ogenkle vedlikehaldsoppgåver.Aktiviteten i Guddal kyrkje har dei siste åra lagt påmellom 18 og 22 arrangement. Årleg er det 12 forordnagudstenester på søndag og heilagdagar. Gudstenesteneer fordelt utover året, med flest i mai og desember. Imai: konfirmasjon og 17.mai. I desember: lysmesse,skulegudsteneste og julaftan. I tillegg kjem teneste vedskulegudsteneste, gravferder, kanskje ein vigsel og einkonsert.I tillegg til teneste før og under arrangementa, må einha eit visst tilsyn med kyrkja mellom arrangementa.Kyrkjegardsarbeidar ved Guddal kyrkjegardStillinga blir lønt ut pr. månad men med mestarbeidsplikt om sommaren, då det vinterstid ikkje erså mykje arbeid på kyrkjegarden. Drift og vedlikehaldav kyrkjegarden og tilhøyrande utstyr - inkludertsnørydding ved kyrkjelege arrangement. Arbeid somklipping av gras, jamning og tilsåing av graver m.m.Felles for begge stillingane er at søkjar må snakkegodt norsk, ha førarkort og disponere bil. Vi ønskjerein omgjengeleg, praktisk anlagt, arbeidsvillig, positivog løysingsorientert person med evne til å arbeidesjølvstendig.Kyrkjetenaren må vere medlem i Den Norske Kyrkja.Tilsetjinga skjer på dei vilkår som går fram av gjeldandelover, regelverk og KA sin tariffavtale.Løn etter KA (www.ka.no) sin tariffavtale i lønsgruppe 1.Tillegg for arbeid på kveld, helg og høgtidsdagar.Kontakt gjerne kyrkjeverje Irene Fløde for meirinformasjon tlf. 57 73 97 71 / 992 38 420.

Kyrkjelydsblad for FjalerMiddag og misjonpå Ljosheim i Daletorsdag 29. septemberEit spennande opplegg om misjonpå Ljosheim i Dale for dei som erfødt i 2003. Det startar kl 15.00og sluttar kl 17.00.Gløym alt du veit om misjon! Deter sannsynlegvis både mangelfulltog misvisande. Kom til Ljosheim oghøyr om Ingvald Frøyen sine spennande opplevingar frå livet sommisjonær. Han vaks opp på Madagaskar på 1960- og 70-talet, oghar vore misjonær i Mali, eit landhan framleis reiser til.Dei som går på Fjaler ungdomsskule kan kome rett frå skulen. Alleskal få ein sjanse til å kome tilLjosheim frå skulane lenger unna.Vi startar med gratis middag. Såskal vi gjere mykje spennandesaman, både gjennom leik oghøyre om alt det som Ingvald har åfortelje oss!Rullestolrampen på Ljosheimkan snart takast i brukDen lenge omtala og etterlengta rullestolrampen påLjosheim er under bygging, og kan snart takast i bruk.Ljosheim har ikkje hatt tilkomst for rullestolbrukarar, ogsåleis ikkje vore eit bygg med universell utforming, nokosom er eit krav. Bygget får rullestolrampe, men vi har kuttaut trappa. Inngangsdøra er flytta opp, og det blir ikkjetrapp, verken ute eller inne.Vi har eigentleg to prosjekt på Ljosheim. Rullestolrampemed ny hovudinngang, men òg handikapptoalett i hovudetasjen.Sparebankstiftinga støtta prosjektet i 2013 med kr 20000. Vi har søkt fleire år etterpå, men har ikkje vunnefram. Vi lyt difor bygge etter evne. Når rullestolrampen erferdig, må vi nok ha fleire basarar før handikapptoalettetblir realisert. Ljosheim har ikkje offentleg stønad, slik at vikan ikkje blakke oss, men ha pengar til forsikring, straumog løpande vedlikehald. Inntekter er basarar og leigeinntekter frå brukarane av huset.7

8Kyrkjelydsblad for FjalerSøndagsskulekurs på hemmeleg stadFredag 12. mars ein stad i Mali iVest-Afrika. Vi kom fram like før solagjekk ned og køyrde inn i eit gardsrom der det stod eit hus som nestenvar ferdig men der det enda ikkjevar straum eller vatn. Eg kom fråsør i eigen bil, medan deltakaranekom frå nord i ein liten minibuss.Ingen hadde fått lov til å seie kordei skulle og i byen der vi kom vardet berre ein lokal prest som visstekven vi var og kva vi skulle haldepå med denne helgen frå fredag tilsundag.Det er ei uvant kjensle å skullearrangere noko så ufarleg someit kurs for sundagsskuleleiarar ogsamstundes måtte ta så store omsyntil tryggleik. Diverre er den politiskesituasjonen i Mali slik no at det istore deler av landet er umogelegå vite om det er trygt eller ikkje,men vi held likevel fram medarbeidet vårt og lærer oss å jobbelangs nye vegar. Ikkje slik at vi tekstor risiko, men vi forsøker å gjeredet vesle som er mogeleg ut fråtilhøva for å støtte dei lokale kristneog kyrkja vi har vore med å byggeopp sidan starten i 1986.Eg kan ikkje syne dykk bilete avalle deltakarane av omsyn til deiratryggleik, men mellom dei 14 somvar med på kurset var dei flestekristne ungdomar i alderen 1522 år og nokre vaksne. Alle erdei tilhøyrande fulani-folket og egkjende mange av dei frå den tidavi sjølv jobba i Mali. Det gjer sterktinntrykk å halde kurs for folk somynskjer å dele trua si med andretrass i at situasjonen i landet er såvanskeleg og dei som kristne er einliten minoritet. Det rører meg å sjådeira glede i songen og å høyrekor mykje Bibel-kunnskap desseungdomane har fått med seg.Innhaldet i sundagsskulekurset varmykje likt det eg kunne undervistom i Noreg, men den store skilnaden er at dei folka eg undervistedenne helga i februar lever krevjande liv i eit land der det ikkje harvore fred og tryggleik på mangeår. Difor vert det så annleis å undervise om bibelforteljingane og nypedagogikk, fordi dei folka eg serframfor meg bur her heile tida ogskal halde fram med å leve her nåreg er trygt heime i Noreg att etterbesøket mitt.

Kyrkjelydsblad for FjalerTil alle de som les denne korteteksten og ser dei enkle bileta vileg gje ei utfordring: Hugs på deikristne i Mali når du bed, og støttgjerne økonomisk det arbeidet somkyrkjelyden og NMS har samani Mali. Å jobbe som misjon i eitland som Mali er kostbart, fordi altvert dyrt når det er ufred. Når viframleis er i Mali så er det fordi vitrur det er viktig at vi ikkje trekkeross heilt ut no som det er hardetider, men er til stades også når detknip. Som misjonærar i Mali harvi ei stor utfordring i det å formidlenytt heim til alle dykk i Noreg, forvi kan ikkje ta bilete av kor vi ereller kven vi møter, av omsyn tilbåde vår eigen og andre sin tryggleik, - men eg håpar at mangenok av dykk likevel klarer å skapedykk eit bilete ut frå dei orda videler slik at de ser kor viktig det erat de framleis er med og støttar detkyrkjelydsbyggande og diakonalearbeidet i Mali.Korleis er det i Mali? I Mali erdet slik no at vi må arrangeresøndagsskulekurs på ein hemmelegstad. Det betyr at arbeidet ikkje erumogeleg, men særs vanskeleg ogviktig.Tekst og Foto:Ingvald Andersen FrøyenNMS Misjonær i Mali og Misjonskonsulent for NMS i BjørgvinJuni/20169Påmelding påwww.nmsu.no/bjorgvinHøsten er her og det er snart leir på Alværa igjen! Vi samles til gode dager med misjon, lek,aktiviteter, gode samtaler og alt det som hører til på en leir. Her blir det mulighet til å utfoldeseg og bli kjent med nye. Toril Lange og Siri Mjølsnes er er med, pluss andre flotte ledere.Ta med ein ven og kom!Ein leir for deg som har mykje kreativitet! Her kan du lage video, avis, lære om å tagode bilder og redigere. Det blir óg mulighet for sang og dans som aktivitet. Vi vilogså ha Leirkveld, lek, samlinger der vi hører om Jesus og misjon. Det blir tid til godfritid med prat, lek og avslapping.Velkommen til NMSU's Songwriterkurs!Her får du verktøy som skal hjelpe deg med tekst og musikk. Sammen medkomponist Trine Franksdatter skal vi dykke inn i låtskriverens univers, ogvi avslutter hele kurset med innspilling av våre egne låter i et profesjoneltstudio.Kurset går over 4 økter, med tre timer hver gang, og avsluttes med en sistedag i studio, i St. Jakob kirke.Første samling: Mandag 24.oktober kl.18:00.Pris: 300,- for NMSU-medlemmer, 450,- for ikke-medlemmer.Prisen dekker hele kurset, med innspilling av egen låt.For mer info og påmelding: Send epost til trine@trinefranksdatter.noPåmeldingsfrist 20. oktober.Facebookarrangement: NMSU SINGER/SONGWRITER-KURS

10Kyrkjelydsblad for FjalerBase Camp 7.-9. oktoberVåren 2015 arrangerte ungdomsklubben Solution Hyllestad BaseCamp 2015, eit arrangement som tok sikte påsamle lokal ungdom i aldersnivå 9. klasse og oppover.Arrangementet gjekk frå fredag kveld til sundag ettermiddag, med samlingar i Hyllestad kyrkje og frilufts aktivitetari Kvernsteinsparken i Hyllestad. Ved gjennomføring avarrangementet samarbeida ein med Askøy Misjonsmenigheit si ungdomsgruppe Solution Askøy. Arrangementet var svært vellukka og fekk gode tilbakemeldingar.Også i år vil Base Camp arrangementet vere eit samarbeid med Solution Askøy, og dei vil på si side gjerearrangementet kjend rundt i sitt lokalområde og medungdomsmiljø i Bergen som dei samarbeidar med. Slikvil Base Camp 2016 vere ein flott arena til å knyte godebånd og kontaktar mellom ulike kristne ungdomsmiljø.Påmelding til arrangementet skjer via Facebook, ein søkeropp BaseCamp Hyllestad og finn påmeldingsskjema der.Smakebiter fråNorsk Salmebok 2013Bak i den nye salmeboka ligg Norsk bønebok.Der finn du både gamle og nye bøner, samt denvesle katekisma og nokre enkle liturgiar som kanbrukast i ulike anledningar.Når noe setter stengselFar, du som har skapt alle mennesker i ditt bilde,og som elsker alle de du har skapt, se ikke roligpå at verden vender deg ryggen og lar rase oghudfarge sette stengsel mellom mennesker.Din Sønn, vår Frelser, ble født av en jødisk mor,men gledet seg likevel over troen hos en syriskkvinne og en romersk soldat. Han tok vel imotde grekerne som søkte ham, og lot en mann fraAfrika bære sitt kors.Lær oss på samme måte å se på mennesker avalle raser som medarvinger til vår Herre Jesu Kristikongerike.Toc H (1900-tallet) O. Kari Leine Balog, Klassiskebønner (1999).Arrangementet sitt program i korte trekk:Fredag: Kveldsamling i Hyllestad kyrkjeLaurdag: Morgonsamling aktivitetsdag i Kvernsteinsparken kveldsgudsteneste i Hyllestad kyrkjeSundag: Ungdomsgudsteneste i Hyllestad kyrkje avslutningPris kr. 400,- pr. påmelde for heile helga, pris inkludererovernatting og alle måltid.Ulike ungdomsleiarar vil delta, samt at arr. sjølvsagt hareiga lovsangsgruppe m/band.Formell arrangør er Hyllestad Sokneråd.Vår plan er at BaseCamp i Hyllestad skal vere eit årlegarrangement som skal samle ungdom i og utanfor Sunnfjord prosti til felleskap og samvær med Jesus i fokus.Så mykje som mogleg vil arrangementet basere seg påaktivitetar i friluft, med base i Hyllestad kyrkje og Kvernsteinsparken.Jostein RylandSoknerådsleiar - 99281401jostein.ryland@enivest.net

Kyrkjelydsblad for FjalerKirkens Bymisjon i Bergenfyller 20 år i 2017, og som tjueåringar flest har Bymisjonenbak seg ein kraftig vekstperiode. Det er ein vaksen, menframleis ung organisasjon som snart kan feire jubileum.Med kring 70 tilsette og 300 friviljuge medarbeidarar erKirkens Bymisjon i Bergen ein viktig aktør på mange område – sosialt arbeid, kyrkjeleg arbeid, integreringsarbeidog forebyggande ungdomsarbeid, for å nemne noko. Deter ei sjølvstendig stifting.Med middelalderkyrkja Korskirken som eit tyngdepunkti Vågsbunnen, har Bymisjonen spreidd verksemda si tilmange ulike hus. Medan Korskirken kvar dag opner dørenefor kvardagsmesse, er «Familiehuset» i Kong Oscars gate22 arena for tilbod som Open barnehage, kvinnegruppatil Empo - og «Bamsehiet», der vaksne og barn møtast forsamvær, leik og måltid.I Kafe Magdalena, også den plassert i Kong Oscarsgate, er det høgt under taket. Her kan kven som helst fåseg ein god og rimeleg vaffel, eit velsmakande lunsjmåltideller ein solid middag – og ein god prat med sidemannen,om ein vil. I etasjen over kafeen har bymisjonspresten ogGatejuristen kontora sine vegg i vegg, og hjelper folk påsine ulike vis.«Respekt, omsorg, rettferdighet» er dei tre orda somoppsummerer visjonen til Bymisjonen. Det er dette vi vil atalle i Bergen skal oppleve. Både tilsette og friviljuge hardette målet for auget. Gjennom 20 år har Bymisjonenvist stor evne til å starte tilbod som dreg i denne retninga.Det kan vere Møtestedet som gjev rusavhengige ein varmmiddag, helsemessig oppfølging og samtale, eller det erAkuttovernatting som sørgjer for at dei som manglar takover hovudet, får ei seng å sove i. Omsorg kan vere såmykje, noko som vert spegla i den store breidda av tilbodsom Bymisjonen har.For dei fleste er det lenge til jul, men i Bymisjonen har vialt byrja å tenke på julekvelden. Då skal Korskirken nok eingong fyllast av langbord og pinnekjøtt, fattige og rike, oggrensene mellom hjelpar og deltakar vert viska ut. Men førvi kjem så langt, skal vi ha mange fine juni- og juli-kveldar,rekruttere mange nye friviljuge og gjere kvardagen betre forså mange vi kan.11I kyrkjelydensidan sistDaleDøypte:Christian Leander Gotteberg Eldevik (døypt iFørde kyrkje)Mabell Myklebust NorddalIben Jørgensen-ArsteinImre Yndestad MyklebustJo Mulhearn Søgnen (døypt i Flosta kyrkje)Idun Nitter HovlandHenrik Flekke HovdenVigde:Trine Brynestad og Kjetil SkårAvdøde:Inger RennestraumAslaug Strand ØrenKåre Brynjulv HovlandAndreas LangelandSissel Petrine SaltskårSigfrid SætenesMagna FosnesRuth BakkebøSigne 22f.1936GuddalAvdøde:Oddbjørg Johanne Hovlandsdalf.1926FolkestadAvdøde:Olga HatløyIngolf LandroEgil Steinar Lutentunf.1926f.1943f.1925HellevikAvdøde:Solveig Kleppef.1933

12Kyrkjelydsblad for FjalerInnskrivingog takk iGuddalIda Helen Yndestad Hovlandsdal og Oline Kristine Ødemark skriv seg innsom konfirmantar.Eit litt redusert familiekor var med og song på innskrivingsgudstenesta:Bak: Malene, Andrine, Karoline, Ane og Signe.Framme: Ole Martin, Adelheid og Sindre.Etter gudstenesta takka soknepresten Lilja Kristin alle somdeltok musikalsk i gudstenesta, inkludert Agnes Önnerstadsom hadde arbeidsveka si i kyrkja. Ho spela ein vals avChopin på pianoet som postludium.Lilja Kristin takkar Reidar og Liv Svanhild Langelandfor innsatsen som kyrkjetenarar, og Reidar oppmodarandre til å søkje stillinga.Foto: Anne Rita Kalvøy BogeSommaravslutning for koret med familiane.

Kyrkjelydsblad for Fjaler13For 6-åringane!No er hausten komen og det er tid for utdeling av 6-årsboka. Tradisjon truvert 6-årsboka utdelt på hausttakkefestgudstenesta. Før sjølve gudstenestavert det lokale samlingar for6-åringane i Guddal, ytre Fjaler og Dale. 6-årssamlingane vert kalla fordåpsskule, og tidspunkta er:Guddal:20. september kl.14.30-16.30:Dåpsskule i Guddal kyrkje27. september kl.14.30-16.30:Dåpsskule i Guddal kyrkje og Guddalskule2. oktober kl.11.00: Gudsteneste ogutdeling av 6-årsbokaHellevik:21. september kl.18.00-19.30:Dåpsskule i Hellevik kapell28. september kl.17.45-19.30: Vågeskule saman med Do-re-miDeretter dåpsskule i Hellevik kapell2. oktober kl.14.00: Gudsteneste ogutdeling av 6-årsbokaDale:22. september kl.10.00-11.30: Dåpsskule på Ljosheim29. september kl.10.00-11.30: Dåpsskule på Ljosheim1. oktober kl.10.30-11.30: Øving saman med 5.klasse frå Barnekoret iDale kyrkje2. oktober kl.16.30: Gudsteneste og utdeling av 6-årsbokaArkivfoto: Utdeling av 4-årsbok i Dale kyrkjeFor 4-åringane!I november er det 4-åringane sin tur tilå få bok. Alle 4-åringane i Fjaler vertinvitert til ei laurdagssamling, der vimellom anna øver på det 4-åringaneskal vere med på i gudstenesta.I både Dale og Folkestad er detsamling for heile familien med«orgelbrus», pølser, kaker og kaffietter utdelingsgudstenesta. Tidspunktaer:Dale kyrkje:19. november kl. 10.30-11.30:Fellessamling for 4-åringane frå heileFjaler20. november kl. 11.00: Gudsteneste og utdeling av 4-årsbokaFolkestad kapell:20. november kl.15.00: Gudsteneste og utdeling av 4-årsbokaArkivfoto: Orgelbrus på Ljosheim.

14Kyrkjelydsblad for FjalerVelkomen til kyrkjeDALE KYRKJESøndag 2. oktober kl.16.30Hausttakkefest. Dale barnekor og dåpsskulendeltek. Utdeling av 6-årsboka. Kyrkjekaffi. Offer tilNMS Misjonsprosjekt Egypt.Søndag 9. oktober kl.11.00Gudsteneste med markering av FN-eldredagen.Cantus og Pensjonistlaget deltek. Offer tilSjømannskyrkja – Norsk kyrkje i utlandet.Kyrkjekaffi.Tysdag 20. desember kl.19.30Den store julkonserten. Kollekt til Fond forkyrkjemusikk.GUDDAL KYRKJESøndag 2. oktober kl.11.00Hausttakkefest. Guddal familiekor og dåpsskulendeltek. Utdeling av 6-årsboka. Kyrkjekaffi. Offer tilNMS-misjonsprosjekt i Egypt.Søndag 23. oktober kl.11.00Misjonsgudsteneste med NMS. Konfirmantaneog Ungdomskoret deltek. Helsing ved ordførarGunhild Berge Stang. Kyrkjekaffi. Offer til NMSmisjonsprosjekt i Mali.Helgemessesundag 6. novemberkl.14.00Gudsteneste. Vi minnest våre døde. Storefrå Guddal familiekor deltek. Offer til KirkensBymisjon Bergen.Helgemessesundag 6. novemberkl.11.00Gudsteneste. Vi minnest våre døde. Cantus deltek.Offer til Kirkens Bymisjon Bergen.Søndag 11. desember kl.18.30Lysmesse med konfirmantane, koret og skuleelevar.Offer til barne- og konfirmantarbeid.Søndag 20. november kl.11.00Gudsteneste. Utdeling av 4-årsboka.Laurdagsklubben deltek. Offer til Laurdagsklubben."Orgelbrus" på Ljosheim etterpå, der det blirservert pølser med brød, kaker, kaffi og brus.Onsdag 23. november kl.18.00Sogn og Fjordane teater presenterer Juleevangeliet– Miriam si forteljing. Billettsal.1. søndag i advent 27. novemberkl.19.00Lysmesse med barnekoret, konfirmantane og 4.årssteg frå Dingemoen skule. Offer til barne- ogkonfirmantarbeid.Søndag 11. desember kl.11.00Adventsgudsteneste med song frå Cantus. Offer tilKirkens SOS Bjørgvin.FOLKESTADBEDEHUSKAPELLSøndag 13. november kl.11.00Gudsteneste. Vi minnest vår døde i ytre Fjaler.Offer til Folkestad bedehuskapell.Søndag 20. november kl.15.00Gudsteneste. Utdeling av 4-årsboka. Do Re Mideltek. Kyrkjekaffi og Orgelbrus. Offer til NMSmisjonsprosjekt i Egypt.Søndag 4. desember kl.16.00Lysmesse med konfirmantane og Do Re Mi. Offertil kyrkjelydsarbeidet.

Kyrkjelydsblad for FjalerHELLEVIK BEDEHUSKAPELLSøndag 2. oktober kl.14.00Hausttakkefest. Dåpsskulen og Do Re Mi deltek. Utdeling av6-årsboka. Offer til NMS-misjonsprosjekt i Egypt. Kyrkjekaffi.15Kyrkjeblad for FjalerKontonr. 3741 20 73135Bladpengar kr. 200 / 225 for året.Redaktør: Joy TaylorPrent: Ingvald Husabø Prenteverk a.s.fjaler.kyrkjeblad@gmail.comSøndag 30. oktober kl.19.00Syng-med-oss kveld. Kveldsmat. Offer til kyrkjelydsarbeidet.Kyrkja i FjalerSøndag 11. desember kl.16.00Førjulskonsert med Do Re Mi m.fl. Kollekt til SOS barnebyer.Kyrkjekontoret, pb 18, 6961 Dale.Telefon 57 73 97 70Straumsnes grendahusSøndag 30. oktober kl.14.00Gudsteneste. Offer til kyrkjelydsarbeidet. Kyrkjekaffi.Søndag 4. desember kl.14.00Gudsteneste. Offer til NMS-misjonsprosjekt i Mali. Kyrkjekaffi.Juleevangeliet med Sogn ogFjordane TeaterDale kyrkjeonsdag 23. november kl. 19.00«Juleevangeliet - Miriam si forteljing»er Håvard Rem si gjenforteljing avjuleevangeliet.Forfattaren har skrive stykket medutgangspunkt i Lukasevangeliet derJosef si syster Miriam fortel sin versjon av det som hende då svigerinnahennar, Maria, fødde eit barn.Miriam fortel om korleis broren Josef forelskar seg i den ungeMaria. Ho blir gravid, og Josef må leve med at det ventandebarnet er kome til ved guddommeleg medverknad.Ei kvinne som vert gravid utanfor ekteskap, vil kunne fådødsdom ved steining, og Josef må ta på seg farskapen for åberge si tilkomande sitt liv.Juleevangeliet sin sterke bodskap skildrar dramatikken rundtfødselen i perspektiv av både religion, historie og identitet.Medverkande: Idun LosnegårdBillettar: ntoret er opemåndag-torsdagkl. 9.00-14.00fredagkl. 9.00-12.00Ved

kona. Eg har alltid teke opp grava dagen før gravferda. Då kunne eg velje kva tid på dag eg tok den opp, men måtte møte opp før gravferda tok til neste dag. Kona har vore den som har gjort til at eg fekk kabalen til å gå opp. Eg har ikkje angra på at eg tok på meg denne oppgåva i 1989 i Guddal, og i 1996 i heile Fjaler. Reidar

Related Documents:

Bruksanvisning för bilstereo . Bruksanvisning for bilstereo . Instrukcja obsługi samochodowego odtwarzacza stereo . Operating Instructions for Car Stereo . 610-104 . SV . Bruksanvisning i original

Då kona sa kva han skulle gjere, så gjorde han det. Kvar dag gjorde han det kona sa til han. Han ry-dda i garasjen. Han vaska badet. Han støvsuga, . Cantus og pensjonistlaget deltek på ei gudsteneste om hausten der vi markerer FN sin eldredag. Cantus har eit godt repertoar av

10 tips och tricks för att lyckas med ert sap-projekt 20 SAPSANYTT 2/2015 De flesta projektledare känner säkert till Cobb’s paradox. Martin Cobb verkade som CIO för sekretariatet för Treasury Board of Canada 1995 då han ställde frågan

service i Norge och Finland drivs inom ramen för ett enskilt företag (NRK. 1 och Yleisradio), fin ns det i Sverige tre: Ett för tv (Sveriges Television , SVT ), ett för radio (Sveriges Radio , SR ) och ett för utbildnings program (Sveriges Utbildningsradio, UR, vilket till följd av sin begränsade storlek inte återfinns bland de 25 största

Hotell För hotell anges de tre klasserna A/B, C och D. Det betyder att den "normala" standarden C är acceptabel men att motiven för en högre standard är starka. Ljudklass C motsvarar de tidigare normkraven för hotell, ljudklass A/B motsvarar kraven för moderna hotell med hög standard och ljudklass D kan användas vid

LÄS NOGGRANT FÖLJANDE VILLKOR FÖR APPLE DEVELOPER PROGRAM LICENCE . Apple Developer Program License Agreement Syfte Du vill använda Apple-mjukvara (enligt definitionen nedan) för att utveckla en eller flera Applikationer (enligt definitionen nedan) för Apple-märkta produkter. . Applikationer som utvecklas för iOS-produkter, Apple .

GUD GUD Holdings Ltd 20% GWA GWA Group Limited 30% HLS Healius Limited 20% HUB HUB24 Limited 30% HVN Harvey Norman Holdings Ltd 20% IAG Insurance Australia Group Ltd 15% IEL IDP Education Limited 20% IFL IOOF Holdings Ltd 30%

human behavior interacts with the organization, and the organization itself. Although we can focus on any one of these three areas independently, we must remember that all three are ultimately connected and necessary for a comprehensive understanding of organizational behavior. For example, we can study individual behavior (such as the behavior of a company’s CEO or of one of its employees .